Sangens vinger

Eg kom over dette herlige bildet frå Musical Toronto av Kirsten Flagstad. Det er frå filmen «The Big Broadcast frå 1938» der ho syng Brünnhilde i Wagners «Die Walküre» – som ho gjorde så mange gonger med bravur. Det må vera ein passande start på ein blogg som skal handla om opera under mottoet «sull» ali dorate»!

post

I henhold til tradisjonen, er Kirsten Flagstad her kledd slik Wagner tenkte seg at ei valkyrie skulle sjå ut. Som bildet viser, er vi langt inne i tegneserie-, og fantasy-land her. På toppen har ho ein hjelm med vinger, ikkje ulikt dei modige gallarane i Asterix & Obelix. Og sidan bloggens navn – Operatix – er henta frå ein mindre kjent figur i Asterixverda, så kjem disse vengjene til å vera bloggens logo. Den skal stå som eit symbol på sangens kraft og operaens evne til å løfta oss – over kvardagens trivialitetar. Og, ikkje minst sidan Nabucco kjem til sommaren, så syns eg også at det passar med å henta bloggens motto frå ein av verdens mest kjente korparti, nemlig slavekoret«Va, pensiero, sull’ali dorate:  Fly, tanke, på gylne vinger»!

Advertisements

2 thoughts on “Sangens vinger

  1. Skal vi kreve vingehjelmer for alle?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s