Va pensiero og Risorgimento

Korpartiet som vart frigjeringssymbol

Kanskje det mest kjente korpartiet frå heile operalitteraturen er Va
pensiero, eller slavekoret, frå operaen Nabucco (1842) av Giuseppe Verdi. Det er veldig ofte framstilt som Verdi sitt store bidrag til Risorgimento – samlingen av dei italienske småstatane vart samla til kongeriket Italia. Og Verdi sjøl har blitt framstilt som nasjonalskalden framfor nokon. Vi skal sjå litt nærmare på dette.

Kva handlar slavekoret om?

Sjølve teksten, er inspirert av Salme137  i det gamle testamentet: «Ved Babylons elver der satt vi og gråt». Men teksten er heilt ulik salmen. Den fins heller ikkje i dei kjeldene som Temistocle Solera brukte for å skriva librettoen, så dette er altså hans eige verk. På dette punktet i operaen (3. akt, 2. scene) er jødane haldne til fange i Babylon.  Abigaille vil knusa jødane, inkludert Nabucco si eiga dotter Fenena, og lurer han til å skriva under dødsdomen deira. Når han forstår kva han har gjort, ber han Abigaille om nåde, men det er for seint. På Eufrats bredder er fangane uvitande om dette, og drøymer om det heimlandet dei såg vart ødelagt i operaens første akt.

Så er spørsmålet: er dette eit godt utgangspunkt for ein revolusjonær sang? Før vi diskuterer dette, kan du jo ta ein kikk på dette klippet frå Metropolitan Opera i 2001 og finna ut kva du meiner sjøl:

Historien bak:

Det seiest at begravelsesfølget til Guiseppe Verdi i Milano i 1901, spontant samla 300 000 mennesker i gatene for å syngja Va pensiero. Men så heilt spontant var det nok ikkje i verkeligheten. Myndighetene hadde nemlig avertert i byens aviser for å hyra både songarar og musikarar, og det heile vart leda av ingen ringare enn Arturo Toscanini.

På same måten vil myten ha det til at Va pensiero alt frå starten av vart oppfatta som ei ytring for italienarane sine patriotiske følelsar for sitt det som skulle bli Italia, då delvis under okkupasjon av Austerike. I henhold til forteljinga reiste publikum seg på premieren i Milano og forlanga ein encore av Va pensiero. Men dette er ein konstruert myte* som blir halden oppe den dag i dag.

Og for å besvara spørsmålet ovenfor: som ein song til å vekkja italienarane sin kampvilje var den ikkje så godt egna. For Va pensiero handlar meir om jødane sin egen sorg etter Jerusalem sitt fall, enn å mana til motstand mot Babylon. Heller enn Va pensiero, foretrekte det italienske publikummet songar som Pietro Cornali sin «Canto degli italiani«, også kalt Fratelli d’Italia etter den første linja. Og det forstår vi når vi høyrer songen og les teksten der vi finn ord som «Finchè Italia non sia nostra Non si dorma, non si taccia!» (Inntil Italia tilhøyrer oss, vil vi ikkje sova, vil vi ikkje bli stilna!) Denne songen vart seinare Italia sin nasjonalsong. Hvis du treng fleire eksempel på korleis teksten og melodien til ein ekte nasjonalsong skal vera, så kan du jo også høyra den franske 🙂

Det var faktisk ikkje før på attensekstitalet, dvs. etter at Italia hadde vorte samla, at Va pensiero fekk status som eit symbol for frihetskampen. Det er ting som tyder på at også Verdi sjøl deltok i denne retrospektive kanoniseringa. I sine sjølvbiografiske skisser skriv han at han hadde gitt opp å komponera, men at hans impressario tvinga på han ein libretto. Han kasta den ned i raseri og då – som ved eit mirakel – opna den seg og avslørte teksten til Va pensiero! Dette bidrog til bildet av han som ein revolusjonær komponist, som gjennom sin musikk hadde inspirert massane til kampen for eit fritt Italia. Dette bildet vart sjølsagt også bygd opp under gjennom fascist-åra og andre verdskrig. Og sjøl om Verdi utvilsom var ein patriot**, og sjøl om hans musikk utvilsomt spelte ein rolle for den unge staten Italia,  så er bildet av han som sjølve nasjonalskalden eller Risorgimento-komponisten, eit produkt av ettertida.

Det var først frå slutten av sekstitalet at det vart mote å tolka VIVA VERDI som Viva Vittorio Emanuele Re D’Italia. Dette var på eit tidspunkt då den nye staten aktivt var på jakt etter nasjonale monument og symboler. Men det er altså ingenting som tyder på at koret frå begynnelsen vekte særlig patriotiske følelsar. Derimot var det andre komponistar som klarte det. I 1848, då milanesarane hadde drive austerikarane ut av byen sin, syda det av kunstnerisk aktivitet i kjølvatnet. Verdi sitt eget forlag Ricordi kom med ein serie patriotiske hymner, inkludert ei av Rossini, og mykje av kunsten var innretta på den politiske situasjonen. Men ingen nevnte Verdi i denne samanhengen.

På den andre sida:

Men likevel, var ikkje Verdi ein inspirasjon til Risorgimento? Jau, utvilsomt, men på kva måte og i kor stor grad, må vi sjå nærare på ein annan gong. Det vi har sett her viser bare at Va pensiero sin rolle i den italienske frigjeringa er overdrive. Men når det er sagt: dette gjer ikkje slavekorets rolle som frihetskoret framfor alle mindre for oss – i dag. Etter Verdi sin død og fram til i dag har Va pensiero vorte nærast ein nasjonalsong. Ja, i 2009 foreslo faktisk senatoren Umberto Bossi å gjera Va pensiero til nasjonalsong. Argumentet var ma. at det var ingen som kunne Fratelli d’Italia, men alle kunne Va pensiero! Og det er gjerne ikkje så veldig langt frå sannheten. For den 12 mars 2011, som ein del av feiringa av 150-årsdagen for samlinga av Italia, sette Teatro dell’Opera i Roma opp Nabucco under ledelse av Ricardo Muti. Då ba han publikum om å syngja med under encoren, og han fortel at 80 % av publikummet kunne kvart einaste ord! Så Va pensiero er i høgste grad eit symbol for frigjering for oss, i dag – og, vil eg påstå, eit meir passande symbol enn dei ofte pralande, nasjonalsongane. Så eg støtter Umberto Bossi:
– La Va pensiero blir nasjonalsong!

NOTER

* Det var Verdi-biografen Franco Abbiati som starta denne ved å angivelig
sitera ein kritikk frå premieren som skal ha stått i ei avis i 1842.
Problemet er bare at dette er noke Abbiati har funne på sjøl. Sitatet er
riktig nok, men det kom frå ein annan kritikk, og encoren galdt eit anna
korparti, nemlig «Immenso Jehova» frå slutten av operaen.
** Verdi skreiv jamvel den ope patriotiske operaen La battaglia di Legano som feira etableringa av den romerske republikken i 1849

KJELDER:

The true story behind ‘Va pensiero’, Verdi’s famous Chorus of the Hebrew Slaves
Verdi the revolutionary? Let’s separate facts from ficti
La musica del Cannone: The Role of Verdi and Patriotic Music in the
Risorgimento

How Giuseppe Verdi’s music helped bring Italy together.
The Risorgimento in opera
Nabucco in Zion: Place, Metaphor and Nationalism in an Israeli Production of Verdi’s Opera

BØKER:

The Cambridge Companion to Verdi. av Scott l. Balthazar.
The New Grove Guide to Verdi and his Operas» av Roger Parker.
Leonora’s Last Act: Essays in Verdian Discourse av Roger Parker.
Academia.edu: Verdi and politics in 19th century Italy. Reception of Verdi and the legend of
va pensiero in the time of Risorgimento
. av Jelena Cupic.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s