Va pensiero og Risorgimento

Korpartiet som vart frigjeringssymbol

Kanskje det mest kjente korpartiet frå heile operalitteraturen er Va
pensiero, eller slavekoret, frå operaen Nabucco (1842) av Giuseppe Verdi. Det er veldig ofte framstilt som Verdi sitt store bidrag til Risorgimento – samlingen av dei italienske småstatane vart samla til kongeriket Italia. Og Verdi sjøl har blitt framstilt som nasjonalskalden framfor nokon. Vi skal sjå litt nærmare på dette.

Kva handlar slavekoret om?

Sjølve teksten, er inspirert av Salme137  i det gamle testamentet: «Ved Babylons elver der satt vi og gråt». Men teksten er heilt ulik salmen. Den fins heller ikkje i dei kjeldene som Temistocle Solera brukte for å skriva librettoen, så dette er altså hans eige verk. På dette punktet i operaen (3. akt, 2. scene) er jødane haldne til fange i Babylon.  Abigaille vil knusa jødane, inkludert Nabucco si eiga dotter Fenena, og lurer han til å skriva under dødsdomen deira. Når han forstår kva han har gjort, ber han Abigaille om nåde, men det er for seint. På Eufrats bredder er fangane uvitande om dette, og drøymer om det heimlandet dei såg vart ødelagt i operaens første akt.

Så er spørsmålet: er dette eit godt utgangspunkt for ein revolusjonær sang? Før vi diskuterer dette, kan du jo ta ein kikk på dette klippet frå Metropolitan Opera i 2001 og finna ut kva du meiner sjøl:

Les meir