Nabucco: Bakgrunn

nabucco-11

Bilde frå det Tsjekkiske Nasjonalteateret sin kommande oppsetjing av Nabucco

Nabucco var Giuseppe Verdi sin første store suksess, og markerte starten på ei fantastisk rekkje verk som er blant operaens mest verdsatte. Men det var ikkje sjølsagt at det skulle bli slik. Verdis første opera Oberto vart riktignok sett opp på La Scala i Milano i 1839, og fekk ein god mottagelse. Operaens impressario, Bartolomeo Merelli bestilte derfor tre operaer til frå Verdi. Men den første av disse, Un giorno di regno som kom i 1840 vart ein dundrande fiasko. Utvilsomt kan mykja av dette tilskrivast dei personlige tragediane som hadde ramma Verdi i disse åra: Først mista han sitt første barn, dottera Virginia Maria Luigia, i 1838, og snart etter sonen Icilio Romano i 1839. Og som om ikkje dette var meir enn nok, mista han også kona si Margherita Barezzi i juni 1840. Etter dette skal Verdi ha sagt at han aldri meir ville komponera meir. Heldigvis for oss skulle det gå annleis.

Komposisjonshistorien

Bartolomeo Merelli var ein bisnissmann, og ville gjerne ha det som var kontraktfesta. Han kom derfor til Verdi med ein libretto av Temistocle Solera som han ville at Verdi skulle setja musikk til. Men ikkje før den tyske komponisten Otto Nicolai hadde avslått det same tilbudet. Det er ulike forteljingar om kva som skjedde deretter. Ifølge dei såkalte «Sjølvbiografiske skisser», som skal ha blitt diktert til Verdi sin forleggjar i 1879, så skal det ha foregått slik:

«Tenk det!» hadde Merelli sagt, og fortsette: «Ein libretto av Solera! Overveldande!, storslått! Ekstraordinært! Effektive, grandiose, dramatiske situasjonar og vidundelige vers! Men denne stabeisen vil ikkje ha den, og seier at det er ein håplaus libretto. Eg veit ikkje min arme råd korleis eg kan få tak i ein annan fort.» «Eg kan hjelpa deg sjøl», hadde Verdi då svart. Dermed fekk Verdi ein kopi av teksten. Han var likevel motvillig, og då han kom heim kasta han boka på bordet. Manuskriptet havna ståande på bordet og hadde opna seg på ei side. Verdi kikka på denne sida og leste det som stod:

Va, pensioro, sull’ali dorate.

Boka hadde altså opna seg på slavekoret! Han leste gjennom versa og likte det han såg, men lukka den likevel og gjekk og la seg. Men Verdi fekk ikkje historien ut av hovet. Så han sto opp og leste librettoen, ikkje ein men tre gonger. Så då morgenen kom kunne han Solera sin libretto nesten utenat. Likevel fortel Verdi at han gjekk tilbake til Mirelli med teksten og heldt fast på dette at han ikkje ville drøyma om å laga musikk til den. Men på eit eller anna vis klarte Merelli å få Verdi til å ta den med seg igjen for å tenkja på saken. Og litt etter litt skal så operaen ha blitt laga.

Slik kan vi betrakta Va pensiero som sjølve inngangen til Verdis store livsverk, og at det var disse linjene som igjen tente Verdi sin glød. Men sidan han var ein mester i å skapa sin egen offentlige person, så det er vanskelig å vita kor mykje vi skal tru på dette. Les for øvrig Va Pensiero og Risorgimento. Michele Lessona sin biografi, som er skrive før skissene, og som også er godkjent av mesteren sjøl, fortel ein litt annan historie. I følge han så kasta Verdi teksten inn i ein krok der det vart liggjande i fem månader mens den store komponisten leste billige novellar! Så ein dag i mai tok han det fram igjen, og leste den siste scenen med Abigailles død (som seinare vart kutta i mange framføringar på den tid), og sette seg ned ved pianoet og begynte, nesten mekanisk, å spela. Tre månader seinare var operaen ferdig. Det som i denne forteljinga vekte Verdi sin interesse, var jødane sine lidelsar, og i staden for å starta med slavekoret, heller starta med Abigaille sin død. For meg høyrest det meir sannsynlig ut. Uansett: det var rundt disse polane – det lidande folket og denne uvanlige kvinneskikkelsen som undertrykkjer sin kvinnelighet på grunn av tørsten etter makt, at Verdi skapte sitt verk.

Litterære kjelder

Mykje er ikkje kjent omkring korleis Verdi og Solera arbeidde, sidan begge ikkje bare budde i same by, men også arbeidde for det same teateret. Antagelig trengte dei heller ikkje arbeida mykje saman, for Verdi fortel at teksten til Solera var så god at nesten ingenting trengte å endrast.

Nabucco er inspirert av den bibelske forteljinga om den babylonske kong Nebukadnesar II,
som levde frå ca. 634 til 562 f.Kr. Disse forteljingane er ikkje samla i bibelen, men vi finn dei spredt i 2 Kongebok 24 og 25, 2 Krønikebok 36, Daniel 1-5, Jeremia 34 samt Salmane 137. Disse er prega av mytologi, men akkurat kor mykje av den bibelske forteljinga som gjenstår som historisk, må eg komma tilbake til. For oss er det likevel ikkje så relevant, sidan Solera si forteljing heller ikkje stemmer spesielt godt med Bibelen. For eksempel går Nabucco, på slutten av operaen over til kristendommen, noko som ikkje skjer i Bibelen. På samme måte frigjer ikkje den bibelske Nebukadnesar slavane.  Det er det kong Cyrus av Persia som gjer etter at han slår Babylon. Heller ikkje i persongalleriet er det veldig overenstemmelse. Nabucco er den einaste karakteren vi finn i bibelen, sjølv om rollen som profeten Zaccaria minner om Jeremia. Alle andre er fiksjonar.

Men dette har heller ikkje Solera funne på sjøl. Mine kjelder fortel at historien har slåande likheter med Rossini sin opera Mosè in Egitto, som Verdi antagelig såg i Milano der den ma. hadde 22 forestillingar i 1840. Librettoen er likevel for det aller meste basert på «Nabuchodonosor» av August Anicet-Bourgeois og Francis Cornu. Dette er eit skuespel i fire akter, som først vart framført i Paris i 1836. Men han har også brukt balletten «Nabuccodonosor» av Antonio Cortesi, som vart framført på La Scala i 1838. Librettoen er med andre ord ei tilpassing til opera der visse endringar er gjort i plottet. I skuespelet blir eksempelvis Fenena henretta, men redda ved guddommelig innblanding, medan ho i operaen blir berga av Nabucco. I skuespelet blir også Abigaille drept av Nabucco sjøl, mens i operaen gjer ho sjølmord med gift. Solera sin største innovasjon var å gjera jødane sitt eksil sentralt og fulltreffaren Va pensiero har ingen parallell hverken i skuespelet eller balletten.

Les meir om Opera Bergens produksjon på festningen 2016.

MINE KJELDER:

Det meste av dette er bøker som eg bare har lest i utdrag, sidan dei fins på google books som bare viser utvalgte sider. Når og hvis eg får tid til å lesa disse skikkelig, så kjem det kanskje meir om dette temaet.

  • Music in the Theater: Essays on Verdi and other Composers av Pierluigi Petrobelli
  • Verdi in the Age of Italian Romanticism av David R. B. Kimbell
  • Arpa D’or Dei Fatidici Vati: The Verdian Patriotic Chorus in the 1840s av Roger Parker
  • Leonora’s Last Act: Essays in Verdian Discourse av Roger Parker
  • The New Grove Guide to Verdi and His Operas av Roger Parker
  • Verdi’s Nabucco av Burton D. Fisher
Advertisements