Temistocle Solera

Italiensk librettist, komponist, poet og eventyrar.

Temistocle_Solera

Temistocle Solera er best kjent for sine librettoer for Verdi. Den mest berømte av disse er Nabucco (1842), som var hans første store suksess. Men samarbeidet starta alt i 1839 då Solera tilpassa Antonio Piazza sin libretto til Oberto conte di San Bonifacio for Verdi. Same året sette Verdi også tonar til eit av Solera sine mange dikt, L’esule.

Etter Nabucco fortsette Solera å arbeida for Verdi, og skreiv I Lombardi alla prima crociata (1843), Giovanna d’Arco (1845) og store deler av Attila (1846). Den siste av disse vart fullført av Francesco Maria Piave. Det er også mulig at Solera hadde ei hånd med på librettoen til Aida*.

Solera skreiv også operaer sjøl, og mens han arbeidde som regissør på La Scala fekk han to av disse framført der, med ein viss suksess, nemlig Ildegonda (1840) og Il contadino d’Agliate (1841). Seinare skreiv han Genio e sventura (1843) og La Hermana de Pelayo (1853). Andre musikkverk, som inkludererer kantaten La melodia, er kyrkjemusikk, kammermusikk og songar. Solera har også publisert fleire diktbøker.

Samarbeidet med Verdi

Solera skal ikkje ha vore så glad i deadlines, så ein gong måtte Verdi låsa han inne i det håp at han skulle arbeida effektivt. Tabben var at det var i dette rommet Verdi hadde vinsamlingen sin. Timar seinare dukka så librettisten opp, ganske på ein snurr. Men han hadde jobba også! For etter som han fortel sjøl, så hadde han opna eit skap, og der fant han eit halvt dusin flasker laina opp. Han fortel: «Eg tok ei og opna den. Etter som eg fortsette arbeidet, skålte eg for kvar linje eg skreiv, og ynskte den velkommen med ein god slurk vin.»

Solera skreiv det som kan kallast «patriotiske» operaer for Verdi, i motsetning til Piave, som skreiv meir «personlige drama». Men på operaen Attila skreiv dei begge librettoen.  Ironisk nok var den først tiltenkt Piave, men så bestemte Verdi seg for å gi den til Solera fordi han rekna Solera som ein større dramatikar. Men Solera hadde ei kone som var songarinne, og då ho reiste til Spania for å jobba der, så fulgte Solera like godt med, sjøl om han ikkje hadde komt lenger enn til ei skisse av den siste akten. Dermed fekk vennskapet mellom Solera og den store komponisten ein brå slutt, og Piave måtte innkallast for å gjera librettoen ferdig.

Liv

Solera var, som vi forstår, ein fargerik person. Vi veit at han vart fødd i Ferrara, men fødselsåret er usikkert. Det blir varierande sett til 1815, 1816 og 1817. Så starta han på ein utdannelse i Wien men stakk like godt av for å jobba i eit sirkus! Deretter fullførte han studiene i Milano og Pavia.

Gjennom heile livet var han aktiv i motstandsbevegelsen mot Austerrike. Ein gong vart han arrestert for slike aktivitetar. Etter å ha flytta til Spania, lærte han seg fort språket, og vart impressario på Teatro Real (det kongelige teateret) i Madrid. Det var i Spania han komponerte operaen  «La Hermana de Pelayo» til egen libretto, og denne vart framført i Madrid i 1845. Pelayo er den spanske nasjonalhelten frå dei cantabriske fjella, der han leda den kristne motstandsbevegelsen mot den arabiske invasjonen.

I Madrid blir det fortalt om diverse attentater, duellar og romantiske affærar med dronning Isabella, så Solera var nok litt av ein Casanova. Men politiske intriger gjorde at han etter ti år måtte flykta frå Madrid. Etter dette ryktes det at han var spion for både Napoleon III og Cavour, at han skal ha reorganisert den egyptiske politistyrken. Kor mykje av dette som er sant, eller et produkt av hans egen frodige fantasi, er umulig å vita. Men det er rimelig sikkert at han på slutten av livet fekk det vanskeligare. Han skal ha jobba som vannbærar (!), men så starta han å handla med antikvitetar i ein butikk som var finansiert av ei  Clarina Maffei.

* i følge Verdi-biografen Mary Jan Phillip-Matz

KJELDER:

Wikipedia: Temistocle Solera og  Francesco Maria Piave.

Biografi på The Royal Opera House.

“I toasted every line I wrote”: Giuseppe Verdi’s librettist Temistocle Solera

Hovedverk.

Advertisements